Skip to main content
Created by potrace 1.11, written by Peter Selinger 2001-2013
NO
Search oslomet.no
  • About OsloMet
  • Study at OsloMet
  • Our research
  • Work for us
  • Alumni
  • University Library
  • Contact us
  1. OsloMet
  2. Programme and course descriptions
  3. Organizationanl development, leadership and marketing

Organizationanl development, leadership and marketing

Course description

Course name, Norwegian
Organisasjonsutvikling, ledelse og markedsføring
Course code
BIB3500
Credits
10 ECTS
Curriculum
Curriculum spring 2027 in Leganto
Timetable
Timetable in TP
Course history
Course history

Introduction

Med utgangspunkt i organsisasjonsteori vil studentane få innblikk korleis ein kan leggje til rette for endrings- og utviklingsprosessar i bibliotek. Sidan institusjonar inngår i nettverk med andre er samarbeid, nettverksbygging vere tema. Leiarrolla vert presentert og diskutert ut frå både teoretiske perspektiv og med døme frå bibliotek og andre og andre informasjons- og kulturformidlande verksemder. Døme på situasjonar og utfordringar ein som leiar møter vert gjennomgått. Vidare diskuterer vi bibliotekleiarens mange konkurrerande roller, som leiar, profesjonsutøver og samfunnsaktør. Utadretta verksemd, profilering og marknadsføring er sentrale tema i faget. Sentrale verktøy for å planlegge korleis biblioteka si rolle kan bli realisert og tenester og ressursar evaluert vil òg vere tema i faget. Gjesteførelesarar og studiebesøk i bibliotek er med på å knytte dei teoretiske emna til den praktiske kvardagen i bibliotek.

Undervisningsspråk er norsk.

Required preliminary courses

Studenten må ha fullført 1. studieår av bachelorprogrammet i bibliotek- og informasjonsvitenskap, og ha fullført minimum 50 studiepoeng frå 2. studieår av samme bachelorprogram før ein kan starte opp med emnet.

Learning outcomes

Studenten skal etter å ha fullført emnet ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om teoriar knytt til organisasjonsteori, leiing og endringsprosessar
  • kan identifisere viktige samarbeidspartnarar for utvikling av verksemda
  • har innsikt i korleis økonomiske, politiske og regulative rammer påverkar biblioteka
  • har kunnskap om korleis organisasjonskultur påverkar verksemda
  • har kjennskap til personalarbeid, medarbeidarrolla og korleis ivareta mangfald på arbeidsplassen
  • har kunnskapar om prinsipp for marknadsføring, kommunikasjonskanalar, merkevarebygging og tenestemarknadsføring (herunder brukarmøter)
  • har grunnleggande kjennskap til korleis ulike styringsdata, verktøy og modellar for analyse m.m. kan brukast aktivt i organisasjonsutvikling og marknadsføring

Ferdigheiter

Studenten

  • kan diskutere og reflektere over korleis tekniske og institusjonelle omgjevnader påverkar bibliotekets verksemd og tenester
  • kan reflektere kritisk over leiarstil, organisasjonsstruktur, organisasjonskultur og korleis dette påverkar organisasjonen
  • kan lage eit marknadsføringstiltak og vurdere om desse når brukaren
  • kan reflektere over korleis ein kan legge til rette for læring og kompetanseutvikling i organisasjonar

Generell kompetanse

Studenten

  • kan anvende og formidle forskingsbasert kunnskap og teoriar om organisasjon, leiing og marknadsføring i eit bibliotekperspektiv
  • kan lage video som skal nå ei gitt målgruppe
  • kan samarbeide om faglege prosjekt og gje tilbakemelding på andre sitt arbeid
  • kan formidle ein fagleg bodskap, skriftleg og munnleg

Teaching and learning methods

Arbeidsformene vekslar mellom førelesingar, seminar, gjesteforelesningar, gruppearbeid, studiebesøk, casearbeid, presentasjonar og sjølvstudium. Undervisinga er campusbasert.

Course requirements

For å kunne framstille seg til eksamen må studenten ha følgende godkjente arbeidskrav:

  • Arbeidskrav 1: Lage video med eit fagleg tema. Kvar gruppe skal gje ei kort tilbakemelding på to andre gruppearbeid. Formålet er å øve på eit marknadsføringstiltak, der du i praksis får lage ein video og gjennom å bli vurdert og vurdere andre få eit ytre blikk på om slike kommunikasjonstiltak fungerer.
  • Arbeidskrav 2. Individuelt refleksjonsnotat (omlag 6-800 ord) der kandidaten får reflektere og diskutere eigen erfaring med Arbeidskrav 1. Formålet med arbeidskravet er å trene på å bruke teori i eit skriftleg arbeid.
  • Arbeidskrav 3: Praktisk formidlingsarbeid i grupper. Munnleg presentasjon på ca. 5 minutt. Her er det obligatorisk oppmøte på ein gitt dato. I etterkant skal studenten dele eit kort samandrag (omlag 300-470 ord) av pensumteksten kandidaten har presentert. Formålet med arbeidskravet er å kunne oppsummere ein akademisk tekst og formidle munnleg og skriftleg til medstudentar.

Arbeidskrav 1 og 3 blir utført i grupper, medan arbeidskrav 2 er individuelt. Det vert gitt noko rettleiing i samband med arbeidskrava.

Arbeidskrav skal vere gjennomført innan fastlagt tid, og godkjend av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom oppgåva ikkje blir godkjent, skal studentane få høve til å levere ein ny versjon. Ved legemeldt fråver gis det anledning til å delta digitalt, eller alternativt opplegg.

Assessment

Eksamen i emnet er ein individuell skriftleg skuleeksamen på 5 timar.

Permitted exam materials and equipment

Ingen hjelpemiddel er tillatne.

Grading scale

Gradert skala A-F

Examiners

Det benyttes en intern og en ekstern sensor til sensurering av besvarelsene. Et uttrekk på minst 10 % eller minst 10 av besvarelsene sensureres av to sensorer. Karakterene på de besvarelsene som er vurdert skal danne grunnlag for å fastsette nivå på resten av besvarelsene.

Programme plan

  • Bachelor's Programme in Library and Information Science (2026 FALL)
  • Bachelor's Programme in Library and Information Science (2024 FALL)
  • Bachelor's Programme in Library and Information Science (2025 FALL)

OSLO METROPOLITAN UNIVERSITY
STORBYUNIVERSITETET

P.O. Box 4, St. Olavs plass
NO-0130 Oslo
Norway
Tel.: +47 67 23 50 00

Contact us

  • Facebook
  • LinkedIn
  • Instagram
  • Accessibility statement
  • Cookies policy
  • Employee directory
  • Employee website
  • Student website
  • Upcoming events
  • Work for us