Mange veit ikkje at Institutt for estetiske fag ved OsloMet eig ei 150 år gammal historisk samling med mellom anna bunader, tekstilprøver og plaggmønster. Samlinga blir bevart og dokumentert, i tillegg til at handverkskunnskapen blir ført vidare.   

Året gjennom inviterer instituttet til handverkstreff.  

Frå hausten 2027 startar også ei ny vidareutdanning: «Tekstile tradisjoner og design», med emna «Tekstile tradisjoner» og «Bilde med tråd». Kvart av emna vil gi 15 studiepoeng og tilby opplæring i tradisjonelle tekstile teknikkar.    

– Vi har sett stor interesse for dropin-kursa våre, og no utvidar vi tilbodet. Vi ønsker at alle skal få høve til å oppleve denne arven i notida, og då må vi kunne handverket. Handverk er kroppsleg og taktilt, og det gir mykje glede, seier Lena Vida, universitetslektor ved Institutt for estetiske fag. 

Nybegynnar? Kom likevel!   

Det første som skjer, er altså 25. november 2026, når tilsette og studentar samarbeider om eit broderitreff med tre workshops. Desse tar for seg handverkstradisjonar i bunad og festdrakt, korssting og moderne broderi. Du kan ta med eit arbeid du held på med, eller du kan få utdelt ei gratis broderipakke på staden.   

Her finn du tid og stad for broderitreffet på OsloMet og meir detaljert info om workshopane med Anne Søgni Flatvad, Lena Vida, Justyna Skowronek og Maryem     

– Dei som kjem, kan både ha mykje erfaring og dei kan vere nybegynnarar. Det blir moglegheit til å lære om ulike tradisjonar. Sjølv forskar eg på Lødrup-bunaden, som blei designa av tekstilkunstnaren Ruth Arnestad Lødrup på 1940-talet. Dei som ønsker det, kan brodere eit motiv frå denne.   

Lødrup var lærar ved Statens kvinnelege industriskole i Oslo, som er forløparen til Institutt for estetiske fag ved OsloMet.   

Det blir elles moglegheit til å utforske teknikkar som plattsaum og sparesaum, med motiv frå Noreg, Europa og Midtausten.   

Ein del av ein lang tradisjon   

Den historiske samlinga til Institutt for estetiske fag ved OsloMet strekk seg 151 år tilbake, til Den kvinnelege industriskolen i Kristiania, som blei opna i 1875. Her kunne kvinner lære om tekstil, saum, teikning og andre handverksfag.   

Samlinga har tekstil- og andre materialprøver, bunader, andre plagg og plaggmønster, undervisningsmateriell og studentprosjekt. Gjennom åra har ho blitt utvida.  

– Det å sitte på ei slik samling, gir oss eit ansvar, både for å bevare, arkivere og dokumentere, men også for å skape møteplassar og formidle handverkskunnskap, seier Lena Vida.   

Ser ei auka interesse for tekstilhandverk   

Året gjennom samarbeider tilsette og studentar om å arrangere verkstader. Vida meiner å sjå ei auka interesse for tekstilhandverk dei siste åra, og særleg for bunader og festdrakter.   

– Eg trur at mange ønsker å bli kjent med verda gjennom å skape med hendene. Når vi gjer det, forstår vi lettare korleis verda er bygd opp, korleis vi menneske fungerer og korleis dei som levde før oss, tenkte. Slik blir ikkje handverket berre ein måte å skape på, men også ein måte å lære på.   

Seminaret Interweaving Threads: Norway and Scotland through Dress, blir arrangert dagen etter broderitreffet og er fullbooka. Dette fagseminaret handlar om både den skotske kilt- og tartan-kulturen og den norske bunads- og folkedrakttradisjonen.     

Seminaret er ein del av eit samarbeid mellom Norsk institutt for bunad og folkedrakt, OsloMet og den skotske regjeringa, der fagmiljø jobbar saman for å styrke kunnskapen om bevaring, formidling og nyskaping.  

Fakta   

For den handverksinteresserte arrangerer Institutt for estetiske fag fleire treff i løpet av året:  

  • 25. november 2026: broderitreff på OsloMet, Pilestredet 52 (P52)   
  • 15-17. desember 2026: «Juletråd» (P52), juleversjonen av den årlege Trådfesten til instituttet   
  • Tekstilverkstader ved OsloMet på Holmlia kvart semester  
  • Trådfest blir arrangert kvar sommar med gratis kurs og workshops innan handverk  
  • Kveldskurs i saum, kroki, måleri, grafikk, riso, osb.    

Følg oss på Facebook eller den studentdrivne Instagram-kontoen til instituttet for å få med deg workshopane og kursa.