Tønder har leidd instituttet sidan mars 2023. I mars 2027 begynner ho i eit nytt åremål som varer ut februar 2031.

– Eg er glad for at eg får fortsette i rolla i fire nye år, og ikkje minst for moglegheita til å jobbe vidare saman med dyktige, engasjerte og hyggelege kollegaer, seier Tønder.

Kva vil du fokusere på dei neste fire åra?

– Vi skal fortsette å utvikle utdanningane og forskinga på instituttet. Vi skal også jobbe for å komme endå tettare på praksisfeltet, både i skolen og arbeidslivet. Dette er viktig for at vi skal kunne fortsette å utdanne dei yrkesfaglærarane elevane og samfunnet treng, i ei tid med store endringar.

– Eg er veldig glad for at Tønder har takka ja til fire nye år som instituttleiar. Ho kjenner yrkesfaga svært godt og har eit personleg engasjement for dei. Eg ser fram til å fortsette samarbeidet, seier dekan Roger André Federici.